Asking Alexandria @ Rockefeller

Asking Alexandria/The Word Alive/Bohemian Grove
Rockefeller, Oslo
23.03.2017

 

Hovudbandet fjasa vekk metalcore-kvelden på Rockefeller, men The Word Alive berga likevel konserten som heilskap noko lunde.

Den rimeleg uskildra sekstetten frå Leeds i England, Bohemian Grove (6/10), starta ballet. Sjangermessig ligg dei i sjiktet brutal hardcore/grindcore, og for underteikna blir dette i utgangspunktet for mykje av det gode. Lydveggen og growlinga til vokalist Spencer Costello dundrar i ein noko monoton tralt gjennom den knappe halvtimen den varierte gjengen på scena har til disposisjon. Men dei gjer for så vidt jobben; medan publikum på dei to første låtane forheld seg rimeleg rolege nede på parketten, får Bohemian Grove i gang både djevelhorna, headbanging og mot slutten til og med ein liten moshpit. Slik sett er oppdraget vel gjennomført.

Amerikanske The Word Alive (8/10) er rett nok metalcore, men – i alle fall til tider – i ei teknisk drakt som gjer låtane meir gangbare for metalgarden som kan styra seg for core. Gitarist Zack Hansen tappar gitaren på imponerande vis – kollega Tony Pizutti er heller ikkje vekke. Begge gitaristane og bassist Daniel Shapiro må pent kora med på fleire av låtane og trommis Matt Horn – som berre har ein månads tid på baken i bandet etter at Luke Holland sa takk for seg i haust – svingar trommestikkene så sveitterosa blømer utover t-skjorta hans konserten gjennom. Kvintetten frå Phoenix i Arizona gjer akkurat det eit metalcoreband skal – skapar god stemning. Eit rimeleg ungt publikum let seg riva med – allereie på tredjelåta Made This way startar den velkjende gynginga i golvet på Rockefeller. Etter kvart blir det moshpit i fleire omgangar – så god stemning er det at vokalist Tyler «Telle» Smith ber publikum gå ned på kne før gromlåta Entirety blir sparka i gang.

Akkurat det tykkjer underteikna er å kommandera publikum i overkant mykje, men men – dei aller fleste er med på leiken. Når det gjeld det musikalske for Entirety sitt vedkomande syng Smith småsurt til tider mot slutten av låta. Det er ikkje første gong i løpet av den knappe timen med The Word Alive – koringa verkar heller ikkje hundre prosent synkronisert heile tida. Difor blir det litt trekk i poeng der. Men jøsses; karane kan sine saker – dette er rimeleg tekniske greier. Nest siste låta, Overdose, sit som eit skot og er konsertens – og kanskje kveldens høgdepunkt, skal det visa seg.

For så kjem altså hovudattraksjonen på scena, Asking Alexandria (3/10).

Litt historikk: Hausten var av det turbulente slaget for kvintetten frå York i England. For, på vårparten 2015 forlet vokalist Danny Worsnop Asking Alexandria til fordel for det meir nedtona rockebandet We Are Harlot. Inn kom ukrainske Denis Stoff. Med Stoff bak mikrofonen gav Asking Alexandria ut albumet The Black på vårparten i fjor. Albumet fekk gode kritikkar og alt verka i skjønnaste orden. Men i oktober i fjor kom Worsnop tilbake, noko som ifølgje enkelte metalmagasin skal ha falle Stoff tungt for brystet. Ein merkar seg også at ikkje ei einaste låt frå The Black blir spelt på Rockefeller denne kvelden.

Såleis var det originale Asking Alexandria som gjekk på scena torsdag. Umiddelbart legg ein merke til Worsnop, dels fordi han entrar scena i ei knallraud, litt knapp skinnjakke. Delvis fordi han syng temmeleg falskt når han gjer clean stemma soft innleiingsvis. Etter mykje gestikulering ned mot lydmannen ser ting ut til å koma meir på stell; Worsnop syng betre, og på partia der han tek i med clean vokal syng mannen med den raude jakka særdeles godt – litt «Rob Halford-light».

Men så byrjar Worsnop og gitarist Ben Bruce – bandleiaren, om ein kan kalla han det – med eit slags publikumsfrieri underteikna ikkje skjøna nokon ting av. Dei pludrar og pratar om alt frå Toy Story til at nordmenn er verdas lukkelegaste folk, og at det såleis kanskje ikkje er behov for at dei kjem hit når me er så lukkelege lell. Første runden kan unnskuldast som eit litt under middels forsøk på å vera artige og få med seg publikum. Deretter kjem underteikna sin personlege favoritt The Death of Me – som gir litt Avenged Sevenfold-kjensle. Den blir greitt nok gjennomført. Verken meir eller mindre.

Sjølv om Asking Alexandria hovudsakleg er rimeleg klassisk metalcore, til tider med eit hint av doom, spenner låtmaterialet vidt. Moving on frå 2013-plata From Death to Destiny er ei power ballad-sviske Aerosmith kunne ha funne på å laga på 90-talet. Den går til og med opp ei halvtone siste runden med refreng, og er så tilgjengeleg at den truleg ville ha gjort ein grei figur under Eurovision Song Contest. Warsnop syng Moving on særs bra; dette skal visa seg å bli deira høgdepunkt for kvelden. No har han også kasta den raude skinnjakka, og underteikna tenkjer at det kanskje er det som skal til for å verkeleg løfta denne konserten.

Men så går det strakt andre vegen. Worsnop og Bruce kan ikkje få nok av kvarandre ser det ut til; dialogane dei imellom blir lengre og lengre; når dei også byrjar å snakka om sine eigne kjønnsorgan blir det rett og slett pinleg. I den andre enden av scena står andregitarist Cameron Liddell og bassist Sam Bettley og viskar og tiskar – «sjå kor teite Danny og Ben er», seier dei kanskje til kvarandre. Og ler. Trommis James Cassells sit bak settet sitt med alle tatoveringane sine og gjer ikkje mykje utav seg.

Det kunne vera at underteikna berre ikkje skjønte greia. Men faktum er at responsen frå publikum er nesten lik null. Fleire forlet Rockefeller, og det byrjar faktisk å bli ganske glissent mot slutten. I det heile; der The Word Alive fekk golvet til å gynga nesten på kvar låt, har knapt det same skjedd under Asking Alexandria. Så byrjar Worsnop for sikkerheits skuld også å vrikka på hoftene i ein slags sjølvkomponert dans, noko som gjer den håplause sceneopptredenen komplett. No er det meir prat, fjas – og altså dans – enn musikk. Inntrykket ein til slutt sit att med er at Worsnop og Bruce, først og fremst, verken tek publikum eller sin eigen musikk seriøst.

Det er kanskje tankekorset; i einskilde metalkretsar blir metalcore knapt teke seriøst. Men det er faktisk desse konsertane kidsa går på. Mange av dei, i alle fall. Slik sett er det synd at Asking Alexandria kødda dette til. Men The Word Alive var verkeleg ein feelgood-time med entusiastiske, headbangande kids – akkurat slik ein metalcore-opptreden skal vera.

 

Tekst: Ole Ramshus Sælthun
Foto: Kenneth Baluba Sporsheim

 

[espro-slider id=8545]